Her følgjer viktig informasjon om NM TRIAL 2017 og NC 3 i Norheimsund.

Invitasjon

Trykk her for å lasta ned invitasjon (PDF)


Program

Laurdag 24. juni

11:00 – 11:30: Registrering

11:30 – 11:45: Ryttermøte

12:00 – 13:30: Konkurranse gruppe 1: Rekrutt, born, ungdom, kvinner open

14:00 – 15:30: Konkurranse gruppe 2: Sport open, junior, elite, master

15:30 – 15:45 Premieseremoni alle klassar (rett etter siste ryttar er i mål)

NM: Det blir intervallstart i kvar gruppe, og seksjonane må bli sykla i kronologisk, stigande rekkjefølgje.


Lisensar

Me anbefalar alle å løyse heilårslisens. Det kostar frå kr. 0 til kr. 800,- avhengig av alder og dekningsgrad. Då er ein forsikra på all trening gjennom heile året, i tillegg til fleire andre fordelar. Heilårslisens krev medlemskap i sykkelklubb. Ein kan løyse heilårslisens på rittdagen, men dette må vere gjort på eigahand før registrering.

Ellers kan ein løyse eingongslisens for alle klassar utanom junior, elite og master ved registrering på rittdagen. Det kostar kr. 150,- for vaksne (over 16 år). Aktiv ungdomslisens (eingongs) for 13-16 år, kostar kr. 50,-. Alle born opp til 12 år treng ikkje lisens. Alle klassar utanom rekrutt får samanlagtpoeng i NC om dei har heilårslisens.

Betaling med kort eller kontant (helst kort).

Les meir om lisensar på sykling.no.

Registrer din lisens her.


Reglement

Standard UCI-reglement med visse unntak:

Ein får bonuspoeng for kvar port ein passerer. Grønn port: 1 poeng; Blå port: 2 poeng; Raud port: 4 poeng, Gul port: 9 poeng. Ein har sikra seg poenga i ein port straks bakakslingen er gjennom. Alle feil ein gjer etter passering av ein port, fører til ingen bonuspoeng for neste port. Feil gjort i ein port, fører til ingen bonuspoeng i denne porten. Ein held fram til tida er ute eller at ein gjer det som tidlegare gav direkte fem straffepoeng, t.d. begge beina i bakken.

Maksimaltid per seksjon: To minutt. Ingen tidsprikkar.


Seksjonar og rundar

Fem seksjonar og tre rundar for alle klassar.

Seksjonane må syklast i kronologisk rekkjefølgje, frå 1-5.

Nytt poengkort kvar runde.