Tilskodarinformasjon

Under følgjer nyttig informasjon for alle tilskodarar. Det er gratis inngang både på NM og NC 3, og alle som vil sjå spektakulær sykling er velkomne!

Program

NM, fredag 24. juni

  • Start for klassane nybyrjar, kvinner open og vidarekomen: kl. 17:00
  • Start for klassane ekspert, elite kvinner og elite: 18:45
  • Premieutdeling rett etter at sistemann er ferdig (ca. 20:15)

NC 3, laurdag 25. juni

  • Start for klassane nybyrjar og vidarekomen: kl. 12:00
  • Start for klassane ekspert og elite: 14:00
  • Premieutdeling rett etter at sistemann er ferdig (ca. 16:00)

Kvar klasse har omlag 1t45min på å fullføra alle seksjonane. Alle klassar varmar opp omlag 30 minutt før start. Dette kan vere verdt å få med seg, spesielt når ekspert- og eliteklassen held på.


Parkering

Me vonar flest mogleg tilskodarar kjem til fots (og nyttar kollektivtilbodet inn til Norheimsund). For dei som kjem med bil, ver vennleg å parkere på asfaltparkeringen ved kyrkja. Det vert skilta frå sentrum.


Om trialsykling

Biketrial er ei sykkelgrein med røter attende til mototrial. Poenget i biketrial er å koma seg opp, over og ned frå ulike hinder, utan å setje føter eller anna enn dekka på sykkelen i bakken. Biketrial kan føregå i både urbane og naturlege omgjevnadar, og blir rekna for å vere ein av dei mest tekniske sykkelgreinene som finns.

Syklane er heilt spesielle, og dei fleste manglar vanlege ting som sete, gir og dempegaffel. Eit kraftig bakhjul, solide bremsar og låg ramme karakteriserer syklane. Det vert mogleg for tilskodarar å prøve og sjå på syklane mens ritta føregår.

Meir om biketrial på www.biketrial.no.


Korleis føregår eit trialritt?

Målet i eit trialritt er å gjennomføra eit antall hinderløyper (seksjonar) utan å gjere feil. Kvar gong anna enn dekkene på sykkelen er nær bakken eller eit hinder, vert ryttaren straffa med eitt eller fleire poeng (maksimalt fem poeng per seksjon). Ryttaren med færrast straffepoeng etter at alle seksjonane er gjennomført (3×5 seksjonar) står att som vinnar.

Kvar ryttar har maksimalt to minutt på å gjennomføra éin seksjon på. Kjem han over denne tida, får han eitt straffepoeng per 10 sekund, heilt fram til han oppnår fem straffepoeng. Andre feil han har gjort eller gjer vert lagt til denne poengsummen, som aldri går over fem poeng totalt. Straks ein ryttar oppnår fem straffepoeng, må han eller ho forlata seksjonen.

Ryttarane har òg ei maksimaltid for heile rittet. I NM og NC 3 blir denne tida satt til omlag 105 minutt for kvar klasse. Klarer ein ikkje å fullføra alle seksjonane innan dette, vert ein straffa med eitt poeng per minutt over tida.


Tips til tilskodarar

Det kan være lurt å ta med seg ein campingstol om du syns det vert lenge å stå i 90 til 180 minutt (avhengig om du skal sjå alle klassane eller ikkje). Ryttarane mistar ikkje konsentrasjonen om de klappar og hoiar. Spesielt viss de ser nokon prøver på eller har nettopp kome over eit vanskeleg hinder, må de gjerne gje all den støtten de kan.

Ta gjerne foto og film av syklistane. Om de lastar det opp på Instagram, bruk gjerne emneknaggen #NMTRIAL2016.

For ekstra spenning, kan de følgje med på resultattavla undervegs i rittet. Då kan de sjå korleis kampen mellom dei ulike vinnarkandidatane utspelar seg. Om ein leiar etter første runde, kan likevel alt skje dei neste to. Du kan òg følgje resultata live frå din mobil på biketrial.no/live


Arena

Arenaen er kompakt og spektakulær. Han ligg mellom kyrkja og kunstgrasbanen i Norheimsund, på grusbanen på Haugamyrane. Toalett rett ved. Det er ingen problem for rullestolbrukarar å vere tilskodar.


Overnatting

Er du ein tilreisande tilskodar, sjå det som står om Overnatting i infomenyen.


Servering

Det vert kiosk med eit lite utval mat- og drikkevarer på arenaen.